Brødrene Helle og Alfred Dahls motorverksted

Fra MotorWiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Norge Flagg.jpg
1918 Eldøens


Eldøens Motorverksted og Slip.

De produserte motorer i små opplag, stort sett mellom oppdrag på slippen. En en omtale fra 1926 står det at ca 100 Eldøymotorer kakker rundt i norske fjorder.

Utsnitt fra omtale i "Tiltak og arbeidsliv i Sunnhordland" fra 1926.

I aaret 1912 reiste brørne Helle og Alfred Dahl motorverkstad i Eldøyi, ikkje langt fraa Tollarneset, der det er viser etter eldste tollstaden i Sunnhordaland.

Alfred Dahl som var utlærd maskinist og hadde mange aar fare i langfart. Han slutta på sjøen og tok til paa motorverkstaden i Rubbestadnes. Han hadde vore i 6 aar daa han slutta upp der og tok til "for seg sjøl".

Helle dahl hadde i aaresvis stade som smed ved vervet i Jensaneset.

Det var smeda-blod i i dess karane. Dei er sønene til smed Dahl, maa vita. Det var ei tid eit velkjendt namn.

Bestefaren, Kristian Dahl kom fra Bergen den tid potetekri´en stod paa. Han sette seg til bunar i Mosterhamn. Her kom han til aa ta i veg som uppkjøpar av humar, kjøpte og føde til humarparken i Espevær. Der kom engelskmannen og henta. Faren, Ole Dahl var buande paa garden Eide paa Halsnøy. Og han nemdes alltid i grannelaget smed-Dahl. Han var verva smed paa Hillestad, Sagvaag og Leirvik. Og elles ein flink laasasmed. Her paa Eide vaks gutane Helle og Alfred upp. No er dei millom dei 50 og 60 av alder. - Eldøy ligg ut mot opne Bømlafjorden, i leidi for farty i ferd ut og inn i fjorden. Det vart mykje aa gjera her; serleg i fyste tidi etter starten og i den tid daa dampbaatsferdsla var laama av streik, og motorane kom si sers i vinden. Det sto 16 mann i arbeid her ei tid, og dei hadde nok aa gjera.

Det førde til at dei laut utvida baade verkstad og slipp. Fraa 1920 har soleis farty med inntil 90 fots kjøl kunna lagt paa hamni og vorte landsette for reparasjon. Det er serlieg reparasjonsarbeid som har vore drive her. Men og nyarbeid. I fyste tidi arbeidde dei motorar etter model fraa Rubbestadneset. I seinere aar har dei arbeidt etter eigen model. Det er umlag 100 Eldøy-motorar som kakkar paa fjord, og sund langs vaar lange kyst. For godleik og styrke kan fylkeslækjar Backer gjeve attest. Det er fyrste Eldøy-motoren som han kjem fram med - paa sjøen ja.

Tilbake til oversikt over Norske motorfabrikanter